søndag 25. september 2016

Med lodd nr. 75 vart Solrun Aase Brenchley frå Tolvsrød den heldige vinnaren av tresnittet "Rampelys" laga av Torhild Grøstad, i Seljord kunstforening sitt kunstlotteri for 2016.
Me gratulerer!




mandag 1. august 2016

"SKUMRINGSSONER" held ope siste veka

"SKUMRINGSSONER" held ope siste veka, kvar dag kl.11-17 t.o.m sundag 7.august! 

Alle medlemmer får gratis inngang og rabatt på all kjøp av kunst. 

Vi har og tilbod på ei rekke varer i galleributikken, og i kaféen kan du nyte heimelaga mat, god kaffe og iskrem. 

Vel møtt! 

Konsert med Tusten på Kunslåven 4.august kl 20


4. August spelar Tusten på Kunstlåven i Seljord med større band enn nokon gong. Det blir nye, heimelaga låtar, og kanskje nokon gamle klassikarar. Bandet består av fire telemarkingar, ein sørlending og eit nytt tilskudd frå stor-oslo. Alle er utdanna jazzmusikarar med adresse i Oslo, men ikkje la deg skremme! Her er det beste frå jazzmusikken blanda inn med 70-tals singer/songwriter, rootsmusikk og moderne popmusikk. Dette er folka som speler:


Sigrid Aase - Vokal
Anders Hefre - Saksofon og koring
Jakob Eri Myhre - Trompet og koring
Philip Birkenes - Piano og koring
Knut Olav Buverud Sandvik - Bass og koring
Jostein Rørmark - Trommer og koring

Kl 20:00
Inngang kr 100,- 

Håper så mange som mogleg kjem på konsert i Seljord heilt på tampen av sommarferien!


fredag 10. juni 2016

Sommarutstillinga 2016 «SKUMRINGSSONER»

3. juli - 7.august kl.11-17. Opning laudag 2. juli kl.17


Serina Erfjord: Expanding Black
Skumringssoner: av engelsk Twilight Zone
: a situation or an idea that is unclear or confusing 
: a world of fantasy where things are not real 

The Twilight Zone var ein amerikansk tv-serie som hadde som konsept å vise at det finnes “eit femte element” ein tilstand mellom lys og skygge, mellom vitskap og overtru, mellom tid og rom. (
https://no.wikipedia.org/wiki/The_Twilight_Zone) 


Mathis van Geest: Was this smile perhaps a new parameter? 
Biletkunsten buldrar i veg på kryss og tvers av tida. Framtids-visjonar møter fortidsfragment. Alle tider blir filtrera gjennom kunstens prisme. Kunstromet er på ein måte ei tidsmaskin, ein portal til ulike stader og tider og former for tid. Sjølve det anakronistiske, elementet av å vera tidsmessig malplassert, i fortidig eller framtidig forstand, er ein sentral kvalitet ved kunst. Det er ei kjensgjerning at biletkunsten insisterar på å halde i hevd metodar for bilet-produksjon eller biletspråklege former som er forelda, teknologisk sett, og samstundes fabulere fram mogelege framtider. Kunsten resirkulerar og omkalfatrar historia i stadig fleire former. I kunsthistoria fylgjer renessansar som perler på ei snor. Me har freista å finne fram til ei gruppe kunstnarar som kan utfordre og belyse kunstens evne til å fryse, forme og veve tida gjennom sine prosjekt. 

Kunstnarane er: 
Richard Alexandersson - Serina Erfjord - Lillebeth Foss - Habima Fuchs - Mathijs van Geest - Mikael Øye Hegnar - Johanne Hestvold - Cecilia Jonsson - Kaia Hugin - Gabriel Johann Kvendseth -  Kaja Leijon - Christian Tony Norum - Per Kristian Nygård - Eirik Senje - Sam Smith - Hilde Skevik - Ingrid Torvund


Kuratering ved: 
Øystein Wyller Odden, Ellen Henriette Suhrke og Ånond Versto.


Kaia Hugin: Motholic Mobble 8